Så langt i september har Meteorologisk institutt registrert 41,4 millimeter med nedbør på Sæbø i september. Rekorden er 47,8 millimeter, den blei sett i 1996. Målingane på stasjonen byrja i 1972.

Tørr kyst Her har september vore rekordtørr, ifølgje meteorologane. Foto: Meteorologisk institutt/@Meteorologene

Saman med Verdal, Bodø og Andøya

ligg det altså an til rekord denne månaden

, vel og merke om det ikkje kjem regn innan laurdag.

Onsdag morgon melder Meteorologisk institutt på Twitter at stabile høgtrykk i aust gir godt vêr i Nord-Norge til over helga, mens lågtrykk kommer med regn i sør.

Sæbø og Sunnmøre ligg på grensa mellom høg- og lågtrykk. Ifølgje yr.no er det førebels ikkje meld om nedbør dei neste dagane, sjølv om det er meld meir skyer enn tidlegare i veka.

Ifølgje Møre-Nytt så trur heller ikkje vêrobservatør Endre Standal på meir regn denne månaden.

Varmt på Vestlandet: Varmerekord i Bergen i september