– Det vart onsdag bestemt at «Magellan» ikkje skulle gå til Geiranger dagen etter fordi det var meldt sterk vind, fortel Torill Havnerås i cruiseagenten European Cruise Service.

Torsdag ettermiddag vart det klart at skipet «Columbus» også kansellerer i Geiranger fredag.

Losveteran Bjørn Atle Søvik er ikkje overraska:

LOS Bjørn Atle Søvik, pensjonert los etter 28 år i yrket, seier at einaste løysinga for Geiranger er å byggje ei cruisekai. ARKIVFOTO.

– Viss vi vil ha ei trygg og stabil hamn i Geiranger så må dei bygge ei kai, seier Søvik.

I dag har cruiseskipa to val i Geiranger: dei kan ankre opp og feste seg til bøyer, og nytte tenderbåtar for å frakte passasjerane i land – eller dei kan legge til ved Seawalken, ei flytande kai.

– Sjå berre på Ålesund hamn. Det er like mykje og like hard vind der, men det er uhyre sjeldan at skip ikkje kan gå til kai, seier Søvik.

Han var sjølv los i 28 år, og gjekk fleire hundre turar med cruiseskip inn til Geiranger.

Gullkyst for cruisetrafikk: Cruisetrafikken vil øke med 40 prosent neste år

Miljøomsyn

Søvik har også eit anna argument som han meiner taler for at ein bør satse på ei kai: omsynet til miljøet.

– Det er meir miljøvennleg med ei kai. Då slepp cruiseskipa å halde motorane i gang, og dei slepp å nytte tenderbåtar. Når ein ligg ved kai kan ein også få utført andre tenester, som til dømes levering av vatn og straum.

Rita Berstad Maraak, hamnesjef i Stranda, seier det ikkje er noko stort problem med sterk vind og kanselleringar.

– Det skjer kanskje ein eller to gonger i løpet av sesongen, seier ho.

Men hamnesjefen vil gjerne ha kai i Geiranger:

– Det vil vi, og i framlegget til reguleringsplan har vi føreslege ei slik kai mellom Lausneset og Grande, seier ho.

Men det er politikarane som avgjer om det skal byggast kai.

Cruiselista 2018: Her er alle cruiseanløpene i Ålesund, Geiranger og Hellesylt sesongen 2018

Til Ålesund

Etter å ha gjort ein planlagd snuoperasjon i Storfjorden gjekk «Magellan» til Ålesund. Der la skipet til kai.

– Tenk om Ålesund hamnevesen fekk beskjed om at neste år skulle alle cruiseskip droppe kaia, og i staden legge seg i bøyer. Då hadde hamnesjefen i Ålesund sagt at det var heilt uhaldbart, meiner pensjonert los Bjørn Atle Søvik.

Sommer i september: Godvêret kan gi tørkerekord