– Det har heile vegen vore ynskje om å kunne gjennomføre dette seminaret utan medieoppslag. Innlegga i media er framstilt på ein måte som ikkje speglar haldningar og intensjonar frå arrangørgruppa. Vi ynskjer ikkje å medverke til ytterlegare konfrontasjon rundt dette temaet, og vel derfor å avlyse seminaret, heiter det i ei melding frå arrangøren.

Fleire reagerte på at Bjørn Helge Sandvei frå Menighetsfakultetet i Oslo var invitert for å snakke om «samkjønna samliv sett i lys av historia, kulturen og Bibelen».

Åpen folkekirke sendte ut ei pressemelding om saka der dei hevda at Sandvei stod for ein «utdatert» kunnskap om temaet og at det ikkje ville bli ein nyansert framstilling av temaet.

– Kirkerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum har ved fleire høve påpeika at Den norske kirke må skaffe seg meir Rosa kompetanse: Kirka treng meir kunnskap om korleis det er å vere skeiv, og korleis skape miljø der alle kjenner seg inkluderte, stod det i pressemeldinga som var underskriven Therese Utgård for Åpen folkekirke Møre.