På Giskemo blir eksisterande gang- og sykkelveg forlenga med to kilometer. Statens vegvesen har ofte kome med eit tilbod på 18 til 20 kr pr. m² i slike prosjekt. Skjønnsretten meinte noko anna: 120 kroner kvadratmeteren er rett erstatning fordi det kan bli aktuelt med jordbærproduksjon i dette området i framtida.

Vegvesenet ville anke dommen men hadde ikkje anledning.

Vegvesenet kravde så at kommunen betaler mellomlegget, med det gjekk Ørskog kommune ikkje med på.

Etter det har det gått nesten eit år.

No har fylket gått inn i saka. Der er det bestemt at vegprosjektet tar alle kostnadene med kjøp av grunn frå alle dei ti grunneigarane.

– Vi har forhandla i fred og ro. Avtalen er underskriven av meg, og er no til underskrift på vegkontoret, seier ordførar Knut Helge Harstad i Ørskog.

Går inn i prosjektet

– Avtalen er at dette blir tatt på prosjektet, at tiltaket betaler, innanfor kostnadsramma på 21 millionar kroner, seier ordføraren.

Dei fleste grunneigarane vil få mellom 200.000 og 300.000 kroner i erstatning.

– Vi har all grunn til å tru at vi har kontroll på kostnadene, seier ordførar Harstad.

Gang- og sykkelvegen skal etter planen stå ferdig i mars neste år.

– Den beste matjorda vi har

Giskemo har den beste jordbruksjorda i kommunen.

– Den kan brukast til jordbær og andre krevjande frukter. Og dette er vurdert av fagfolk, seier ordføraren vidare.

Advokat Bjørn Kristian Hove, som representerer grunneigarane, forklarer det slik:

– Retten la til grunn ein kombinasjon av jordbærproduksjon og grasproduksjon, etter «gjennomsnittsnøkkel» 1 til 5, eksempelvis tre år med jordbær og 15 år med gras, forklarer Hove. Han seier at det også finst andre stader på Sunnmøre med matjord med like god vekstevne.