– Kolla kom åleine ut på bøen. Først då ho var felt og eg kom fram, såg eg kor enorm ho var!

Dette fortel Cato Drage (49), som måndag kveld fekk klaff frå posten sin i eit jaktskjul på søre Kalvatn i Volda kommune. Han var invitert med av kompisen Normann Kalvatn (48), med far frå garden som er med i jaktvaldet med 14 fellingsløyve.

Cato Drage debuterte som storviltjeger som 20-åring på øya Skorpa ved Almenningen i Nordfjord, med ein kjempebukk på 150 kilo.

– Gamleonkelen min var jaktmentor. Han sa straks at dette var noko eg aldri meir kunne rekne med å få oppleve.

– Men han tenkte sikkert berre på bukk, han kunne jo aldri førestille seg storleiken på koller her på Sunnmøre, seier Drage.

Han hadde sjølv vanskar med å skjøne det, då han såg storleiken på kolla han hadde felt.

Høyrde kolla beite

– Rett nok såg eg ingen horn før fellinga, men silhuetten av dyret var stor.

– Det var slik at eg måtte sjekke ein gong ekstra for både gevir og ballar, for å vere sikker på kjønnet på dyret der i skyminga, humrar jegeren. Han sat lenge og venta før dette eine dyret kom inn på enga. Det kom beitande rett i mot.

I taljen Her er kolla hengt opp i taljen over løebrua før sjølve slaktinga tek til, for å sjå om det er høgt nok under taket ... Jeger Cato Drage er av yrke reisemontør i Rolls-Royce i Ulsteinvik.

– Var det kolle, så hadde ho i alle fall ikkje kalv med seg, tenkte eg. Etter kvart kom ho såpass nær at eg tydeleg kunne høyre når ho reiv av grastuggene.

– På om lag 25 meters hold våga eg ikkje vente lenger grunna trekken i lufta. Straks ho breisida litt small det, stadfestar Drage. Skotet var velplassert og kollekjempa gjekk over ende.

Feitt og genetikk

Dermed var kveldsjakta over, og den fjerde av fjorten dyr på kvoten til jaktfeltet var felt. Seks fellingsløyve er leigt bort. Grannevaldet på nordre Kalvatn har like mange dyr, i eitt av beste jaktområda i heile kommunen.

Korkje jegeren eller grunneigarrepresentant Normann Kalvatn har nokon bestemt teori om korleis ei kolle kan bli såpass stor, større enn mange bukkar.

Feittprosenten Det er ikkje tvil om at denne kolla har hatt ein fin haust i matvegen. Feittlaget kring akterspeilet vitnar om det ...

– Nei, det er det vanskeleg å ha bestemte meiningar om. Det at kolla hadde eit solid feittlag over ryggen forklarer jo berre nokre få av dei 105 kiloa på vekta under taktaljen her.

– At ho har hatt ein god beitesesong er nok heva over tvil. Men det må vere noko meir, noko genetisk eller noko i den retning, trur Normann Kalvatn.

Han er svært nøgd med at den inviterte jaktkompisen fekk slik fullklaff.

– Når det er sagt vil eg vere snar med å legge til at vi ikkje nødvendigvis går etter dei største dyra. Avskytinga skal vere balansert, poengterer han.

Imponert feltleiar – nytt gjetord?

Leiaren i jaktfeltet her, Erik Kalvatn, er også på plass for å sjekke sist felte dyr.

– Denne var alvorleg stor ja! Vi har ikkje vore i nærleiken av å felle ei så stor kolle før, sjølv om eg har inntrykk av at slaktevektene har gått markant ned med åra, seier han.

Under krigen var det derimot felt ein bukk på fjellet her.

– Han vart felt av Eivind Kalvatn, og det går gjetord om den bukken framleis. Kanskje blir det no slik med denne kjempekolla også, undrar Kalvatn.

Det er elles vanskeleg/risikabelt å snakke om rekordvekter – også på denne kolla. Det er stort sett bukkane det har vore fokus på, med omsyn både til vekt og gevir.

Det er rapportert om ei rekordkolle på 105 kilo, felt i 2002. Og vidare skal det ha vore felt ei kolle på 125 kilo, ikkje stadfesta. På bukk er derimot norgesrekorden på 202,5 kilo. Hjorten nedover langs Vestlandet og i innlandet er jamt over større enn i nordvest. Uansett er ei hjortekolle på 70 kilo rekna som stor lokalt. Ei på 80 er rekna som svært stor, og høgare enn dette går ikkje målestokken ...