(Fjordingen.no) Jan Egil Flo, Simen Staalnacke og ei gruppe tilsette har kjøpt tilbake konkursbuet etter Moods of Norway.

– Vi har kjøpt tilbake heile konkursbuet, Brandstad-kjeden, Moods USA, Moods Sverige, varelager, innbu .... og varemerket, sjølvsagt. Alt! seier Jan Egil Flo til Fjordingen.

Dette betyr at Moods of Norway framleis vil ha hovudkontor og butikkar i Stryn.

– Det vi har fått av tilbakemeldingar frå folk i Stryn er at det ville vore trist om Moods ikkje lenger heldt til her, seier Flo.

– Kva sum er det snakk om for buet?

– Det kan eg ikkje seie noko om, seier Flo, og viser til bustyrar i dette spørsmålet.

– Kva med dei tilsette i Stryn som misste jobben i konkursen?

– Dei som ikkje alt har fått seg annan jobb får jobben tilbake. Dei tilsette fekk beskjed i går, seier Jan Egil Flo.

– Kva skjer no framover?

– Vi opnar opphørssal i butikkane til helga, og det blir full drift i desse ut året. Deretter må vi finne ut korleis drifta skal bli og korleis vi skal organisere oss. Til dømes er talet på butikkar i framtida usikkert.

– Kvifor har de kjøpt tilbake konkursbuet?

– Vi måtte jo redde selskapet. Vi har framleis tru på det.

Denne saka vart først publisert på Fjordingen.no