Ni kvinner i Volda og Ørsta har gått saman og etablert kvinnenettverket Kvinner Opp og Fram. Styreleiar er Hilde Hånes, med Frida Giilberg som nestleiar.

Dei andre i styret er Fride S. Sortehaug, Sirikit Vågen, Nina Telseth, Cecilie Rørstad, Gina Bjørdal, Marit Aklestad og Rebecca R. Bjerknes.

Ope etableringsmøte

Den 23. oktober vert første stærre møte i nettverket, ope for alle som ønskjer å skape relasjonar på tvers av fag og yrke – og som har interesse for å fremje kvinner sine posisjonar i arbeidsliv, politikk, næringsliv og organisasjonar.

Gjennom aktivitetar som uformelle møtepunkt og faglege seminar med ulike tema, ønskjer dei å skape aktivitetar heile året.

Nøytralt og ideelt

– Vi ønskjer alle kvinner i Ørsta og Volda-området med på laget, inviterer kvinnene. Nettverket skal vere politisk heilt nøytralt og tufta på ideelle verdiar.

– Arbeidet for eit likestilt samfunn er ikkje i mål, understrekar kvinnegruppa. Nettverket vil kunne adressere hindringar som særleg kvinner møter. Dei vil skape rom for samtalar, diskusjonar og refleksjonar, med utgangspunkt i strukturar og rammevilkår som er med på å forme kvinner sine liv og levevilkår i dag.