Det viser ein rapport som Stranda kommune har fått utarbeidd.

Kommunen fekk i fjor 250.000 kroner frå Klima- og miljødirektoratet og ei tilleggsløyving frå Møre og Romsdal fylkeskommune for å gjennomføre eit forprosjekt.

Overskotsenergi

I dette forprosjektet skulle ein vurdere moglegheitene for å bruke overskottsenergi frå småkraftverka i Sunnylven til produksjon av hydrogen.

I første rekkje var dette med tanke på ferja Hellesylt–Geiranger, men også med tanke på annan fjordtrafikk og buss og bil.

Må ha kundar

Men sjølvsagt må det finnast kundar av hydrogen dersom nokon skal investere i produksjonsutstyr og infrastruktur, heiter det i rapporten.

Førebels har dei ingen slike avtalar.