Det er Skandiabanken, Sparebank 1-gruppa og Sparebanken Vest som er ramma, skriv NRK.

I Sparebanken Sogn og Fjordane er over 100 000 kundar ramma. IT-sjef Geir Grime seier til NRK at det er ein feil i kjernesystemet som påverkar all kommunikasjon mot nettbank, mobilbank og betalingsløysingar på kort.

Det er IT-giganten Evry som leverer kjerneløysingar til bankane.

Grime seier til kanalen at det blir jobba på spreng for å løyse problema, og seier det ikkje er knytt nokon risiko til feilen som har oppstått.

Overfor VG bekreftar Skandiabanken problema.

– Det er alvorleg. All kontoinformasjon er utilgjengeleg. Visakort fungerer i butikk, men ikkje i minibank og på netthandel, seier kommunikasjonsansvarleg Ole B. Larsen.