Då Den internasjonale kampanjen for forbud mot atomvåpen (ICAN) i går blei hylla som vinnarar Nobels fredspris 2017, gjekk nye tusenvis av flyktningar på den fem-seks dagar lange ruta vest i Myanmar til Bangladesh.

Buddhist-dominerte Myanmar, styrt av Aung San Suu Kyi, nobelprisvinnaren frå 1991, står i sentrum for den verste flyktningkrisa i Asia på mange tiår.

Det er den muslimske minoritetsgruppa rohingyaene som no vert utsett for det som FN sin høgkommisær for menneskerettar kallar «eit skuleeksempel på etnisk reinsing».

Folkegruppa har budd i Myanmar i meir enn 1000 år, men har aldri blitt akseptert. Dei vert sett på som statslause ulovlege innvandrarar frå Bangladesh og India. Dei er anslått å vere opp til 1,3 million menneske og meir enn 800.000 av desse har flykta over grensa til Bangladesh sidan 25. august. Då angreip ei geriljagruppe av rohingyaerar fleire politistillingar og dei militære svara med brutale verkemiddel.

Det vert rapportert frå FN, Amnesty og andre organisasjonar om systematisk nedbrenning av landsbyar, massemord, tortur, gjengvaldtekter og drap på spedbarn.

Internasjonalt fordømt

Midt i dette sit regjeringssjef Aung San Suu Kyi (72), tilsynelatande meir eller mindre stille i båten.

Som demokratiforkjempar vart ho halden i husarrest av militærjuntaen i nesten 20 år fram til 2010.

No vert ho sjølv skulda for å bortforklare overgrepa i landet ho styrer. Ho gjer for lite, for seint, og kritikken haglar frå internasjonale leiarar. Både president Emmanuel Macron i Frankrike og president Recep Tayyip Erdogan i Tyrkia omtalar herjingane som eit «folkemord».

Fredsprisvinnarar som Desmond Tutu, Dalai Lama og Malala Yousafzai har fordømt det som skjer og kritisert Aung San Suu Kyi for å snu ryggen til den humanitære katastrofen som utspelar seg.

Avtroppande utanriksminister Børge Brende (H) og tidlegare utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) har målbore norske protestar mot nobelprisvinnaren.

I ein sjeldan TV-tale om konflikten for to veker sidan sa Aung San Suu Kyi seg lei for at utanlandske diplomatar fokuserte på «ein så liten del av våre problem». Same sort argumentasjon brukar statsleiarar i diktatur, fastslo Barth Eide.

Handlingslamma

Reint politisk har Aung San Suu Kyi eit temmeleg trongt handlingsrom. Grunnlova gir militæret kvar fjerde representant i nasjonalforsamlinga og vetorett over grunnlovsendringar. I praksis har ho ikkje makt i sikkerheitspolitikken.

I den grad ho har gjort noko, har ho manøvrert i det stille, og måndag denne veka kom det meldingar om at flyktningane skulle få vende heim frå leirane i Bangladesh. Det gav håp.

Dei siste dagane har likevel flyktningstraumen berre auka på, kampane har eskalert og løftet om vern i heimlandet vert ikkje trudd i dei overfylte leirane.

FN og hjelpeorganisasjonane ber no om 3,5 milliardar kroner for å hjelpe rohingyaene dei komande månadene. Den norske regjeringa har trappa opp støtta med 15 millionar kroner.

Vondt har blitt til verre i Myanmar, men nobelmedaljen til Aung San Suu Kyi er trygg, sjølv om 450.000 har skrive under på eit internasjonalt opprop om å ta den frå henne.

Leiar Berit Reiss-Andersen i Nobelkomiteen sa denne veka på Torp i NRK at det ikkje er aktuelt for komiteen å overvake eller sensurere tidlegare vinnarar.

Men ho la til:

– Det er prisvinnaren sjølv som må vareta sitt omdøme og ettermæle. Verdas auge vil alltid vere på ein fredsprisvinnar.