– Samlinga viser kva som fanst av sommarfuglar og andre insekt på Sunnmøre for hundre år sidan. I våre dagar med klimaendringar er det interessante for å finne ut kva for artar som har forsvunne og kva som har kome til. For å få greie på det, er vi avhengige av insektsamlingar som dette.

Det seier Lars Ove Hansen frå Universitetet i Oslo. Sist veke var han i arbeid ved Sunnmøre Museum for å pakke med seg dei rundt 10.000 ulike insekta som samlinga omfattar. Mesteparten er sommarfuglar, biller, kvefs og andre insekt frå Vestlandet, men og frå Tyskland og Austerrike. Samlinga fyller tjue store og ti mindre glaskasser fulle av insekt der kvar er merkt med ein lapp med nøye oppføring av årstal og kvar Jon Werner fann dei ulike eksemplara.

Verdifull samling

– Dette er ei verdifull samling,- særleg fordi den er så godt bevart. Dessutan kjente vi til Werners arbeid frå før gjennom artiklar han til dømes fekk publisert i Norsk Entomologisk Tidsskrift. Han var den første som oppdaga Mnemosyne sommarfuglen i Norge. Den fann han i Tafjord tidleg på 1900-talet, og vakte stor oppsikt, fortel Hansen om kvifor Universitetet i Oslo er interessert i den private insektsamlinga som i mange år har vore oppbevart ved Sykkylven Naturmuseum og i magasinet ved Sunnmøre Museum.

– Vi veit ikkje særleg mykje meir om Jon Werner enn at han døydde i 1937, var styrar ved planteskulen i Ørsta og at han var svært oppteken av å kartlegge førekomsten av sommarfuglar rundt planteskulen.

Samla på jobbreiser

Når han var på jobbreiser rundt om på Sunnmøre nytta han høvet til å gjere entomologiske innsamlingar, fortel avdelingsleiar Magnhild Vatne ved Sykkylven Naturmuseum, som gjerne vil ha kontakt om det er nokon har opplysningar å gi om JON Werner. No er ho glad for gi samlinga til Naturhistorisk Museum i Oslo.

– Særleg med tanke på at den blir tatt vare på av folk som har kompetanse innan fagfeltet, og at samlinga kan vere av verdi for forsking, seier avdelingsleiaren som har planar om å få nokre av sommarfuglane i retur. Det skal etter kvart bli utstilling i Sykkylven om Werner og sommarfuglar.

Delar av sommarfuglsamlinga til Jon Werner. Desse har han mest truleg fanga i Tyskland. Foto: Solfrid Vartdal
Fotografiet av Jon Werner blir med når Magnhild Vatne sender insektsamlinga hans til Oslo. Foto: Solfrid Vartdal