Uhellet skjedde på ein parkeringsplass på industriområdet Mosflata seint natt til søndag, skriv Møre-Nytt. Etter å ha køyrd inn i ein betongkloss var det tale om moglege bruddskadar på fleire av dei fem ungdomane. Alle blei køyrd til sjukehus for sjekk, melde politiet i helga. Både politi og brannvesen rykte ut til staden.

Føraren av bilen var berusa og hadde ikkje førarkort. Politiet opprettar sak.