Har du tips eller bilde? Send til internett@smp.no /95400400

Det var på Spar Fosnavåg at ein bil small rett inn i butikken måndag ettermiddag. Assisterande butikksjef Trine Moltu seier til Sunnmørsposten at butikken framleis er ope for kundar, og at ingen personar blei skada. Ho var sjølv i butikken då bilen kom.

Foto: TIPSER

– Eg høyrde eit veldig smell, og då var der ein bil som hadde køyrd inn i veggen, fortel Moltu.

– Der stod ingen personar der bilen kom inn, så det går bra med alle. Her er berre materielle skadar. Alt går bra med alle, og det tenker eg er det viktigaste. Så får alt anna kome i andre rekke, Moltu.

Politi arbeidar på staden. Foto: Preben Vike

Politiet i Møre og Romsdal melde om hendinga måndag klokka 14.50 på Twitter. Ifølgje politiet var der to personar i bilen. Like etter klokka 15.30 oppsummerer Svein Harsjøen ved operasjonssentralen saka slik:

– Det har vore eit trafikkuhell, der ein bil har køyrd inn i ein butikk. Der er moderate skadar på husveggen, ingen personskade, sier Harsjøen.

Trafikkuhellet skjedde i forbinding med øvingskøyring.

– Politiet opprettar sak som normalt og etterforskar, seier Harsjøen i politiet.