Ny prosjektansvarleg:

Frå Datatilsynet til nye Ålesund

Helge Veum er tilsett i den treårige prosjektstillinga med ansvar for IKT og digitalisering i nye Ålesund kommune.

Helge Veum blir prosjektansvarleg for IKT og digitalisering i nye Ålesund kommune.   Foto: Privat

Nyheter

I intensjonsavtalen mellom kommunane heiter det at nye Ålesund kommune skal vere ein føregangskommune når det gjeld digitalisering og teknologibasert utvikling av tenestene, heiter det i ei pressemelding. Helge Veum skal leie dette arbeidet.

Han er tilsett som prosjektansvarleg for IKT og digitalisering. Han takka ja etter ein tilsettingsprosess med 15 søkarar.

Veum har vore tilsett i Datatilsynet sidan 2003 og har vore avdelingsdirektør frå 2012. Han er utdanna ved Høgskulen i Oslo, Queensland University of Technology i Brisbane og University of the South Pacific på Fiji. I tillegg har han utdanning frå Møre og Romsdal Tekniske fagskole i Ålesund og befalskulen for marinen i Bergen.

Ifølgje pressemeldinga meiner Veum den nye stillinga er ein av dei mest spanande stillingane på nordvestlandet på dette fagområdet.