– Dette blir heilt klart eit dårlege tilbod, seier Bjørn Brevik, som er drosjesjåfør busett på Folkestad.

Kjappare til Eid

Nina Anette Teigen er leiar i Folkestad grendautval, og ho meiner det nye ferjetilbodet blir eit klart tilbakesteg.

– Det er hårreisande at dei vil isolere oss endå meir på denne sida av fjorden. Dette er veldig trasig, seier Teigen.

Spesielt tenkjer ho på ungdommane som deltek på forskjellig i Volda og skal heim på kveldstid. Med sjeldnare ferje, blir det endå verre. Og Teigen ser at det kan bli kjappare å reise ferjefritt til Nordfjordeid i nabokommunen Eid.

– Som pendlar med jobb i Volda blir det noko heile anna med 40-minuttsavgangar enn når det berre er ein halvtime til neste ferje går, seier Aasebø.

Ho synest ikkje det er uventa at dette no kjem, men synest det er beklageleg.

– Alle kan ikkje bu i sentrum, seier ho og er glad for alle tilbod som gjer at dei slepp ferjeturen til kommunesenteret.

– Meiningslaust

Politikar og sambygding Odd A. Folkestad reagerer også sterkt på det som kom frå Statens vegvesen måndag. Han meiner det er ei nedbygging av sambandet.

– Dette er så meiningslaust at alle må protestere, seier Folkestad som ikkje er overraska over at ferjetrafikken på sambandet har gått ned siste åra.

Det skuldast fleire andre forhold enn at Kvivsvegen opna. Nattferja er vekke og rutene korresponerer dårlegare med ferja på Festøya.

Folkestad er kritisk til opplegget med elektriske ferjer.

– Då må ein byggje nye ferjekaier. Det einaste rette er å nytte dei moderne dieselferjene i seks-sju år til, til brua over Voldsfjorden er komen, seier han og reknar fem-seks år byggetid for brua som skal byggjast med ferjeavløysingsmidlar.

Volda-ordførar Jørgen Amdam likar også dårleg at ferjefrekvensen blir dårlegare.

– Det blir ei klar ulempe for dei på sørsida av kommunen, seier Amdam som ikkje er like overtydd som Folkestad om at brua vil kome så kjapt.

– Finansieringa er svært uklar, men viss ein har gode tekniske løysingar så kan det vere aktuelt, for det blir svære investeringar for å få på plass nye ferjer også, seier Amdam og ser store utfordringar med å føre fram straum til kaiene.

Han stiller også spørsmål ved om ein klarer å få bygd om dei to ferjekaiane til 2020.

Saka vil kome opp i neste formannskapsmøte.

– Rutefrekvesen vil vere det viktigaste å ta opp. Val av ferje, bru og så vidare er meir komplisert, men det kan vere at vi vil be om ei utgreiing, spesielt om dette med elektrisk drift av ferjene, seier Amdam.

Kommunen fekk nyleg presentert planar for elektriske ferjer, med skisser for 100 kvadrat store bygningar, med transformator og batteri til lading av ferjene i Volda og på Folkestad. Foto: Anne-Mari Tomasgard