Nytt tilbakeslag for telefonsamband mellom Valldal og Trollstigen.

Det skriv Nkom i eit brev til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

– Dette brevet talar for seg sjølv, og i praksis er innhaldet slik å forstå at vi rykker tilbake til start i saka med omsyn til finansiering.

Det skriv Atle Morsund, rådgjevar i samfunnstryggleik og beredskap ved fylkesmannen, i eit brev til ordførarane i Norddal og Rauma.

Etter mykje fram og tilbake kom Telenor til at det ville vere for dyrt og komplisert å bygge ut mobilnettet på strekninga. Mellom anna fordi basestasjonane treng straum.

– Vi såg for oss at telefonane kunne drivast med batteri og solceller, forklarer Morsund. Og så kunne dei takast ned om vinteren, når vegen er stengd.

– Denne ideen må vi ikkje sleppe, og det må då vere pengar ein stad i systemet. Turisttrafikken aukar frå år til år, og denne vegen må sikrast med telefonsamband. Neste år må dette vere på plass, meiner ordførar Arne Sandnes.

NAUDTELEFON: Det er meininga å sette opp naudtelefonar på den aktuelle strekninga opp mot Trollstigen, etter same prinsipp som naudtelefonar i vegtunnelar. ARKIVFOTO: KNUT ARNE AARSET Foto: Knut Arne Aarset
FRUSTRERT: Arne Sandnes, ordførar i Norddal. Foto: Terje Engås