Gjengen blei samla til ei kjekk stund på Tussatun i Ørsta for presentasjon av dei ulike gjerningane og uhøgtidleg premieutdeling. 
            (Foto: Tussa.no )

Gjengen blei samla til ei kjekk stund på Tussatun i Ørsta for presentasjon av dei ulike gjerningane og uhøgtidleg premieutdeling. Foto: Tussa.no

100.000 til gode gjerningar

Vartdal skitrekk fekk gjevaste gevinsten frå Tussa.

(Møre-Nytt) Årets 10 gode gjerningar spreidde mykje glede i Krafttaket 2017. Torsdag kunne Tussa stolt dele ut 100.000 kroner til dei 10 deltakarane i Krafttaket 2017, der målet er å gjere seg fortent til nokre kroner ved å gjennomføre gode gjerningar.

Førsteplassen, med flest stemmer, gjekk til Vartdal skitrekk, som dermed sikra seg 24.524 kroner frå potten. Dugnadsgjengen i skitrekket har jobba hardt med å forlenge langrennsløypa på Vartdal. Med traktor, lastebil, motorsak og beitesaks har dei med stor iver og pågangsmot brukt fleire ettermiddagar og kveldar på å rydde den nye løypa, melder Tussa.

Vanylven Røde Kors Hjelpekors fekk andreplassen som sikra dei 17.865 kroner.

Tredjeplassen gjekk til Gjerdsvika IL med ein premie på 13.427 kroner.

4. plass: Barnekoret Fram frå Fiskå - 10.783 kroner.

5. plass: Ulstein ungdomsskule (niande trinn) - 10.619 kroner.

6. plass: Hødd Handball - 7.484 kroner.

7. plass: Ulstein Tensing KFUK-KFUM - 7.267 kroner.

8. plass: Austefjord IL - 2.854 kroner.

Trimgruppa i Austefjord IL har rydda råsa til Langvassetra i Austefjorden. To kveldar har den ivrige dugnadsgjengen brukt på å rydde råsa som ikkje alle plassar var like god å finne.

9. plass: Volda Innebandy - 2.703 kroner.

Volda innebandy si gode gjerning, prosjekt Super-innebandy, gir personar med spesielle behov moglegheita til å vere med å spele innebandy.

Saka sto først i Møre-Nytt

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Resultata tikkar inn:

Sula tar av i tv-aksjonen

Rundt 1.000 personar har vore innom på den direktesende folkefesten til tv-aksjonen i Langevåg.

Møre og Romsdal er på foreløpig 1. plass i tv-aksjonen

Klokka 21.15 låg Møre og Romsdal på topp på fylkesstatistikken på tv-aksjonen.

Åndalsnes

Syklist alvorleg skadd

Luftambulanse er rekvirert etter at ein syklist og ein bil har kollidert på Åndalsnes.

Hareidstemna

Moser heim att til Hareid

Grunna gittercellene i hjernen fann mange fram til Hareidhallen laurdag.

Barneteatret Vårt:

– Hvem vil du være om du kan velge helt selv?

Goodbye til alt vi må, skal og burde være, til rosa for jenter og blått for gutter. Hello til ei framtid der du kan være og se ut akkurat som du vil.