Ifølgje politiet blei ein mann i 20-åra frå Ålesund sett i drukkenskapsarrest etter å ha oppført seg utagerande og truande på eit hotell i byen. Dette skjedde like etter midnatt.

I to-tida natt til torsdag blei ein annan mann, også han i 20-åra, bortvist frå sentrum etter å ha oppført seg kranglete på ein utestad.