– I september 2016 offentleggjorde regjeringa at det skulle byggjast tre nye skip til Kystvakta som erstatning for dei tre skipa i Nordkapp-klassen. No har vi sett på tilbodet frå dei tre verfta som ønska å byggja skipa, og vi har valt å forhandla vidare med Vard Group AS Langsten, seier forsvarsminister Ine Eriksen Søreide i ei pressemelding.

I fall det ikkje blir ein avtale med Vard Group AS Langsten, vil eit av dei to andre verfta bli kalla inn igjen til forhandlingar, skriv regjeringa.

Stortinget skal få saka til endeleg godkjenning i 2018. Det første fartøyet skal leverast i 2022.

Kleven og Westcon tapte

Dei to andre verfta som ønskte å byggja skipa var Westcon Yards AS og Kleven Verft AS.

– Av omsyn til Forsvarets behov innanfor beredskap og forsyningssikkerhet og for å sikre kompetansen i Norge, vart det avgjort at det berre var norske verft som kunne delta i konkurransen. Alle dei tre verfta gadde konkurransedyktige tilbod med stort innslag av norske leveransar, skriv regjeringa.

– Må brukast norsk utstyr

Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest seier det er svært positivt for den maritime klynga at dei tre skipa skal byggast i Møre og Romsdal. Maritimt Forum var blant dei som krevde at skipa skulle byggast ved norske verft.

Han meiner det er viktig at også utstyret som går med til bygginga kjem frå Norge, slik at kontrakta også kjem utstyrsnæringa til gode.

– For oss er det avgjerande at det blir brukt norske underleverandørar. Vi vil følgje innkjøpa tett, seier Ingjerd i ei pressemelding.

– Innkjøpet baserer seg på gamle tegningar. Vi skulle gjerne sett ein mer framoverlent innkjøpsprosess, men er sjølvsagt tilfredse med at skipa skal byggast ved eit lokalt, norsk verft.