Dette seier dagleg leiar Webjørn Landmark ved Ishavsmuseet Aarvak på Brandal i Hareid kommune. Etter ein god del rabalder og oppheita diskusjonar valde leiinga ved Ishavsmuseet å melde seg ut av stiftinga Sunnmøre Museum i 2011.

Når Møre og Romsdal fylkeskommune no har arbeidd fram ein ny regional museumsplan for dei komande åra, så er ikkje Ishavsmuseet nemnt med eit einaste ord. Det er derimot andre frittståande museums- og formidlingsinstitusjonar som Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda og Jugendstilsenteret og Atlanterhavsparken i Ålesund. Dagleg leiar Webjørn Landmark lurer no på om det er eit slags takk for sist miljøet kring Ishavsmuseet her opplever.

Måtte sikre entusiasmen

– Vi veit jo at det var langt frå populært at Ishavsmuseet gjekk ut av den felles museumsparaplyen for seks år sidan.

– Vi følte likevel ikkje at vi lenger hadde noko val, dersom vi skulle makte å ta vare på den store entusiasmen som har vakse fram kring polarmiljøet vårt her, seier Landmark. Han opplevde at fleire større lokale støttespelarar og sponsorar vurderte å trekke seg, dersom midlane gjekk inn i eit stort fylkesmuseum, og ikkje øyremerka til det polare lokale. Med eit byggjelån på to millionar kroner våga ikkje styret å risikere å misse den lokale støtta.

Avgjerande anerkjenning

– De har sjølve valt å stå utanfor paraplyorganisasjonen. Kvifor er det så viktig å vere omtala i museumsplanen?

– Fordi det inneber ei svært viktig anerkjenning for oss, på linje med dei andre som står utanfor, men som vert omtala.

– Å stå utanfor ein offentleg vedteken plan vil kunne tyde avskjeringar for oss på fleire felt, mellom anna ved søknad på midlar og kva anna det måtte vere, seier Landmark.

Han hevdar at Møre og Romsdal fylkeskommune har eit klart ansvar for alle museum og liknande institusjonar i heile fylket, når dei har ein klart definert eigenverdi, bevaringsverdi og formidlingssverdi. Ikkje minst meiner han dette gjeld for fartøyvern, der Ishavsmuseet ikkje har vorte tilgodesett med midlar til sine søknader siste åra. Dette på same tid som dei skal halde ved like den legendariske ishavsskuta Aarvak, som står delvis i glashus på museumsområdet.

Veltrimma organisasjon

Webjørn Landmark er dagleg leiar for ein veltrimma organisasjon som stadig set polare verdiar og opplevingar på kartet.

Nyleg fekk dei heim nyrestaurerte Polarstar, den første selfangstskuta som vart bygd i stål. Ho vart som ein isbrytar, og revolusjonerte fangsten då ho kom for 70 år sidan. Eigar Willy Nesset har lova at skuta skal vere tilknytt ishavsmuseet for framtida, og det skapte reine folkevandringa til Brandal då ho kom heim att i haust, etter fire år med fullrestaurering i Polen. Webjørn Landmark kan også mønstre ei særs aktiv veneforeining på 700 medlemmer frå nær og fjern. Dei gjev ut det fyldige medlemsbladet Isflaket. Og stadig vert det halde kulturkveldar og foredrag om det polare.

– Fredag kveld toppar vi med moskuskjøt på menyen her på museet, smiler Webjørn Landmark. Men til fylkeskommunen smiler han ikkje.

– Ishavsmuseet ligg i front på landsbasis. Vi har eit tett samarbeid med dei fire-fem andre polare museumsmiljøa i landet, og vi er i ferd med å knytte oss til eit eksklusivt internasjonalt polart utviklings- og formidlingsnettverk.

– At vår eigen fylkeskommune likevel ikkje kan anerkjenne oss som institusjon, det fell oss tungt, seier Landmark.

Dagleg Leiar Webjørn Landmark ved Ishavsmuseet, er svært skuffa over Møre og Romsdal fylke sin museumsplan. Foto: Torill Myren