Der laga dei rasper og bryner, fortel Per Arne Grebstad.

– Bryna blei kalla «sunnmørsøksar». Ei gamal kone fortalde Per Fett at ho hugsa dei flådde svinepelsar med øksene.

Men med åra gjekk Sandbjerget i gløymeboka, snart var det berre dei som kunne lese gotisk som kjende historia.

– Ein dag sa den sterkt historieinteresserte gardbrukaren Petter Sivert Aure på Aurdal at han hadde gått Sætremarka på kryss og tvers, men ikkje funne Sandbjerget.

Dette var han forundra over.

Strøm nemner Aurdal saman med Sandbjerget, seier Grebstad.

– På ein fjelltur står eg så brått framfor noko som kan vere Sandbjerget.

Direktøren er nesten framme ved Sandbjerget då eg festar eit hundredels sekund av turen til filmen, minnest Grebstad.

Museet har 20 «sunnmørsøkser». Dei kan stamme herifrå. Det er litt artig at næraste fjellet er Borgundkollen, synst Grebstad.

Det vil seg elles slik at regionkonservator Jarle Sulebust pensjonerte seg no frå september av.

Dette tiårbildet kan såleis fungere som ei helsing frå Per Arne Grebstad og dei mange andre takknemlege sogeglade.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.