– Det vi treng er fleire og ikkje færre senger, seier Volda-ordførar Jørgen Amdam når han høyrer om forslaget.

Amdam viser til at nærområdet til Volda sjukehus er blitt utvida til både Stranda og Stryn med kommunikasjonsendringane siste åra.

Utlandet og Førde

Konsekvensane av ombygging til einerom kjem fram i rapporten som er laga i samband med bygningsmessig utviklingsplan for Helse Møre og Romsdal.

I motsetning til Ålesund sjukehus er det i Volda mogleg å etablere 100 prosent einsengsrom på det konsulentane meiner er ein god måte. Romma blir likevel små. Og universelt utforma bad blir ei utfordring.

Men her foreslår konsulentane ei løysing der eine veggen på rommet blir ei foldedør som kan opnast heilt opp, slik at badet blir større og tilfredsstiller kravet til universell utforming.

Ifølgje rapporten er løysinga brukt i utlandet. Det er også ei løysing som truleg vil kome på sjukehuset i Førde.

18 senger forsvinn

I rapporten blir det slått fast at sengekapasiteten blir redusert når ein byggjer om frå fleirsengsrom til einerom.

Volda sjukehus har i dag totalt 75 senger. Ombygging til einerom vil gi 18 færre senger ved sjukehuset.

Konsulentane meiner det er både realistisk og råd å gjennomføre. Ved overbelastning må pasientar eventuell overførast til Ålesund eller til det nye SNR, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset.

– Nei, det går ikkje. Det blir usikker transport med det uvêret vi veit vil kome, seier Amdam og lover mykje diskusjon i tida framover.

Konsulentane held fram at det også er fleire fordelar med einerom. Det gir redusert smittefare, meir fornøgde pasientar, betre vilkår for pasientsamtaler og andre rutinar for sengevask.

Den føreslådde sengeløysinga i Volda føreset at nokre dagpasientar (dialyse og kjemoterapi) blir flytta dit kantine og kjøkken er i dag. Eit anna alternativ for dagpasientane er lokale i DPS.

Ambulanse i Furene

Konsulentane stiller spørsmål både ved kiosk og apotek ved sjukehuset i Volda.

Og ikkje minst rår dei til å flytte ambulansestasjonen til Furene for å frigjere areal på sjukehuset, eit forslag Volda-ordføraren ikkje nødvendigvis meiner er særleg godt:

– Vi skal ha eit møte med helseføretak og ambulansetenesta i november og sjå på moglegheitene. Det er best å ha ambulansestasjon på sjukehuset, og vi ønskjer å samkøyre med legevakt, seier Amdam.

Må rydde og fjerne skrot

Konsulentane rår elles til at Kløvertun i Volda blir sett i teknisk og eksteriørmessig stand. Dei rår også til at skrot blir fjerna, at det blir rydda og gjort enkel innvendig oppgradering i dette bygget.

Sjukehuset i Volda har færre enn seks helikopterlandingar per veke, og treng ikkje godkjent landingsplass. Men den gamle pipa som ikkje lenger er i bruk, er til hinder for helikoptera og blir tilrådd riven.

Les også: Oppgradering- og vedlikeholdsbehov er på 1,5 milliarder

Leder: «Forslaget om å flytte mat og sterilsentral må skrotast»

Leserinnlegg: – Dette kom som en bombe på oss

fleire: Volda-ordførar Jørgen Amdam meiner sjukehuset treng fleire senger, ikkje færre. Arkivfoto: terje Engås Foto: Terje Engås