Avisa Nordre omorganiserer

Endrar frekvens frå to til ei papirutgåve i veka, vil satse meir på nett og styrke redaksjonen.

Redaktør Robin Røkke i avisa Nordre.   Foto: Kristoffer Antonsen/Nordre

Nyheter

I Nordre tysdag - lokalavisa for Haram og Sandøy, varslar redaktør Robin Røkke ei ikkje uvesentleg omorganisering av avisa, i leiaren sin:

Papiravisa, som i dag kjem ut tysdag og fredag, blir slått saman til ei utgåve torsdagar som redaktøren lovar skal bli minst like fyldig som dei to utgåvene til saman. Vidare heiter det at ein i nær framtid vil styrke redaksjonen med ei ny, fast stilling. Sist men ikkje minst blir det nylansering av nordrenett.no 13. november, og frå å så langt kun ha vore eit supplement til papir, skal nettavisa i det vidare innehalde nye saker, ikkje «gammalt nytt» frå papirutgåva.

- Viss Nordre skal kunne tene som offentleg arena for Haram og Sandøy også i framtida må Nordre endre seg i lag med lesarane og vanene dykkar, heiter det mellom anna om bakgrunnen for omorganiseringa.

Når det gjeld tilbodet om e-avis, altså den digitale utgåva av papiravisa, skal denne halde fram som før.

1. papirutgåve torsdagar blir 16. november.