Videoen og saka ble først omtalt på Fjordingen.no.

(Driva.no) For eit par år sidan gjekk bygdefolket i Eresfjord saman om å plassere ut utrangerte syklar rundt om i bygda. Syklane vart strippa for utstyr og lakkert i ulike fargar. I ettertid har dei pryda både fjellknausar, tre og vegkantar.

Eresfjord har fostra sykkelproffen Kurt Asle Arvesen. I seinare år har også Bjørn Tore Hoem kome til. I tillegg arrangerer bygda den årlege sykkeltrimmen for alle interesserte i påska. Eresfjord er utvilsamt landets fremste sykkelbygd. Det er ønsket om å markere dette som er bakgrunnen for sykkelstuntet.

I sommar har det vore utplassert over åtti syklar rundt om i bygda. Mellom dei ein raud damesykkel som vart utplassert i Storsvingen opp mot Vistdalsheia. Den forsvann sporlaust etter nokre dagar.

Marit Rasten Leirvoll har stått i spissen for den fargerike sykkelmarkeringa i bygda. Da Driva skreiv om sykkeltjuveriet i mai i år, fortalde Rasten Leirvoll om dei mange positive tilbakemeldingane.

– Eg har snakka med mange som har køyrt gjennom tallause vakre bygder i Norge med fine fjell og fjordar. Problemet er at dei ikkje klarer å huske bygdene. Ingen som køyrer gjennom Eresfjord kan unngå å legge merke til alle syklane og dermed huske bygda, sa Rasten Leirvoll.

Den etter kvart angrande sykkeltjuven avslørte seg tidleg. Han la ut eit bilde på Facebook der han stolt poserte på sykkelen etter at den var plassert på ein stein ute på Lovatnet i Nordfjord.

Dette fekk Turid og Bjørn Magne nyssen i. Sist helg sette dei seg i bilen og køyrde dei seksti mila tur retur for å få sykkelen tilbake til heimbygda.

– Vi veit at sykkelen har vore eit ynda fotoobjekt der den har stått ute på steinen i vatnet. Det er nesten slik at det var gale å ta den med heim att. Men det ville vi, smiler Turid Øverås. Dermed er den raude damesykkelen klar for nye år i Storsvingen med storslått utsikt over sykkelbygda.

Denne saka vart først publisert på Driva.no.