Den tidlegare hotelldirektøren ved Selje hotel er dømd for grov økonomisk utruskap mot Selje hotel, brot på rekneskapslova, særleg grovt skadeverk og grovt forsikringsbedrageri mot Gjensidige Forsikring.

To brør blir sette fri

Broren hans, som var styreleiar i selskapet, er frifunnen for brannstifting, men dømd for medverknad til økonomisk utruskap for nær 800.000 kroner. Sogn og Fjordane tingrett har dømt mannen til fengsel i eitt år.

Sidan han har site varetektsfengsla i 341 dagar, har han sona ferdig straffa og blir sett fri.

Også den tredje broren, som var kjøkkensjef på hotellet, blir sett fri frå fengsel. Han er nemleg blankt frifunnen for både medverknad til brannstifting og for eit økonomisk forhold han var tiltalt for.

Bevis i fleire retningar

Dei tre brørne var tiltalt for brannstifting eller medverknad til brannen for å få utbetalt forsikringspengar.

Men berre broren som har tilstått er no dømd for brannstiftinga. Retten merkar seg at det var to i bilen som køyrde til Selje i samband med brannstiftinga, og at det er på det reine at det var ein medhjelpar til hotelldirektøren.

Det er fleire spor som trekkjer i retning av at styreleiaren kan ha vore medhjelpar, men bevisa trekkjer i fleire retningar, meiner retten.

Dommarane er ikkje overtydd om at det var styreleiaren som medverka, verken fysisk eller psykisk til brannen, og han blir difor frifunnen.

Påstand om frifinning for to

Aktor, statsadvokat Magne Nyborg, la ned påstand om seks år fengsel for hotelldirektøren som tilstod. Forsvarar Per Kjetil Stautland meinte derimot at mannen måtte få større tilståingsrabatt og la ned påstand om tre og eit halvt år i fengsel.

Påstanden frå aktor for styreleiaren var seks og eit halvt år fengsel, medan påstanden for kjøkkensjefen var fengsel i seks år.

Forsvararane til kjøkkensjefen og styreleiaren meinte at begge måtte frifinnast.

Sleit med speleproblem

Tre brør som var knytt til drifta av hotellet blei pågripne etter brannen. Den eine av dei, hotelldirektøren (39), tilstod etter kvart både brannstifting, økonomisk utruskap mot hotellselskapet og forsøk på forsikringssvindel.

Den yngste broren (34), som var styreleiar, medeigar og jobba mykje i resepsjonen på hotellet, har heile tida nekta for å ha noko med brannen å gjere. Politiet meiner han var saman med den eldre broren på turen til Selje og la til rette for at det skulle ta fyr.

Eldstebroren (42), som var kjøkkensjef, blei tiltalt for å ha vore med og planlagd brannen.

Hotellselskapet sleit med dårleg økonomi. Hotellsjefen forklarte i retten at han også hadde speleproblem.