RETTSSAKA Dei tre tiltalte etter Selje-brannen blei i Sogn og Fjordane tingrett forsvart av advokatane Per Kjetil Stautland (f.v.), Randulf Schuman Hansen og Paul Inge Angelshaug. Bilde frå rettssaka i Førde i september.
            (Foto: Anne-Mari Tomasgard)

RETTSSAKA Dei tre tiltalte etter Selje-brannen blei i Sogn og Fjordane tingrett forsvart av advokatane Per Kjetil Stautland (f.v.), Randulf Schuman Hansen og Paul Inge Angelshaug. Bilde frå rettssaka i Førde i september.Foto: Anne-Mari Tomasgard

Kjøkkensjef blankt frifunnen

Hotelldirektør dømd til fem og eit halvt år i fengsel

Mannen som var hotelldirektør på Selje hotel er dømd til fem og eit halvt år i fengsel for å ha sett fyr på hotellet. Kjøkkensjefen er frifunnen, medan styreleiaren er dømd til eitt år i fengsel og blir no sett fri.

Den tidlegare hotelldirektøren ved Selje hotel er dømd for grov økonomisk utruskap mot Selje hotel, brot på rekneskapslova, særleg grovt skadeverk og grovt forsikringsbedrageri mot Gjensidige Forsikring.

To brør blir sette fri

Broren hans, som var styreleiar i selskapet, er frifunnen for brannstifting, men dømd for medverknad til økonomisk utruskap for nær 800.000 kroner. Sogn og Fjordane tingrett har dømt mannen til fengsel i eitt år.

Sidan han har site varetektsfengsla i 341 dagar, har han sona ferdig straffa og blir sett fri.

Også den tredje broren, som var kjøkkensjef på hotellet, blir sett fri frå fengsel. Han er nemleg blankt frifunnen for både medverknad til brannstifting og for eit økonomisk forhold han var tiltalt for.

Bevis i fleire retningar

Dei tre brørne var tiltalt for brannstifting eller medverknad til brannen for å få utbetalt forsikringspengar.

Men berre broren som har tilstått er no dømd for brannstiftinga. Retten merkar seg at det var to i bilen som køyrde til Selje i samband med brannstiftinga, og at det er på det reine at det var ein medhjelpar til hotelldirektøren.

Det er fleire spor som trekkjer i retning av at styreleiaren kan ha vore medhjelpar, men bevisa trekkjer i fleire retningar, meiner retten.

Dommarane er ikkje overtydd om at det var styreleiaren som medverka, verken fysisk eller psykisk til brannen, og han blir difor frifunnen.

Påstand om frifinning for to

Aktor, statsadvokat Magne Nyborg, la ned påstand om seks år fengsel for hotelldirektøren som tilstod. Forsvarar Per Kjetil Stautland meinte derimot at mannen måtte få større tilståingsrabatt og la ned påstand om tre og eit halvt år i fengsel.

Påstanden frå aktor for styreleiaren var seks og eit halvt år fengsel, medan påstanden for kjøkkensjefen var fengsel i seks år.

Forsvararane til kjøkkensjefen og styreleiaren meinte at begge måtte frifinnast.

Sleit med speleproblem

Tre brør som var knytt til drifta av hotellet blei pågripne etter brannen. Den eine av dei, hotelldirektøren (39), tilstod etter kvart både brannstifting, økonomisk utruskap mot hotellselskapet og forsøk på forsikringssvindel.

Den yngste broren (34), som var styreleiar, medeigar og jobba mykje i resepsjonen på hotellet, har heile tida nekta for å ha noko med brannen å gjere. Politiet meiner han var saman med den eldre broren på turen til Selje og la til rette for at det skulle ta fyr.

Eldstebroren (42), som var kjøkkensjef, blei tiltalt for å ha vore med og planlagd brannen.

Hotellselskapet sleit med dårleg økonomi. Hotellsjefen forklarte i retten at han også hadde speleproblem.



Rettssaka etter brannen på Selje hotel:

Krev frifinning av styreleiar og kjøkkensjef

Aktor vil fengsle både kjøkkensjefen og styreleiaren ved Selje hotel med fleire år i fengsel, men forsvararane deira krev full frifinning.



Rettssak etter brannen på Selje hotel:

Påstand om seks år fengsel for hotelldirektør

Aktor meiner den tidlegare hotelldirektøren (39) på Selje hotel må straffast med fengsel i seks år. Påstanden for dei to andre tiltalte er 6,5 år og 6 år fengsel.



Slår handa av broren i rettssaka etter hotellbrannen:

«Du vil alltid vere min bror, men eg vil ikkje ha noko meir med deg å gjere»

Broren (34) blei sjokkert og sint, då han fekk vite at den eldre broren (39) hadde tilstått at han hadde sett fyr på Selje hotel. Og han vil ikkje ha meir med broren å gjere.

 

Forklarer brannen med speleproblema

Hotellsjefen var stressa og sov dårleg før han reiste til Norge for å setje fyr på sitt eige hotell, iført parykk og lausskjegg for ikkje å bli gjenkjend.



Hotelldirektøren spelte vekk hotellet sine pengar på casino

Hotelldirektøren gjekk på casino og spelte vekk 12.000 kroner på ein dag. Spelinga var betalt med visakortet til Selje hotel.



Lausskjegg og parykk knyter tiltalte til Selje-brannen

Kjøp av parykk, lausskjegg og bart er blant bevisa som knyter tiltalte til Selje-brannen. Også forfalsking av bilskilt og fast sladd på bilruta for å unngå å bli gjenkjent, er blant ingrediensane i rettssaka.

 
Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Fortuna kunne heve NM-pokalene

– Vi er best i Norge!

– Nå er jeg veldig stolt. Det var en fantastisk lagmoral!

The Voice-eventyret fortsetter for Elise og Andrea

Både Elise Nærø og Andrea Santiago Stønjum er videre etter fredagens utgave av The Voice.

NMK2 åpner onsdag:

– Det finnes ikke maken i hele verden

Alt fra marihøne til autonome skip. Dette er Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) i et nøtteskall.

Kjørte ned trapp ved rådhuset i Molde

Ved Molde rådhus tok ein bilfører feil av vegen og trappa på østsiden.

Bjørlykkes 11. mesterskapsmedalje

Silje Mari Bjørlykke svømte fredag inn til sin 11. mesterskapsmedalje i et norsk mesterskap.

Supporterklubben til AaFK har mistet 2 av 3 betalende medlemmer

Stille for Stormen

På det meste var de 2.600 betalende medlemmer. Nå er det 800 igjen.

Manglar hundre meter gangveg – skuleborn må gå langs tøff biltrafikk til og frå ferja

Må gå usikra langs E39

– Det kan aldri kome på tale å late borne våre gå åleine langs denne vegen.