Det var to glade brør på 42 og 34 år som kunne gå ut fengselsdørene onsdag, etter at Sogn og Fjordane tingrett hadde frikjent begge for å ha vore med på å setje fyr på Selje hotel.

– Dette var heilt rett og i samsvar med min påstand og det han har sagt heile tida. Han er nøgd med endeleg å ha blitt trudd, seier advokat Paul-Inge Angelshaug etter at klienten hans, kjøkkensjefen, er blankt frifunnen.

Kan krevje erstatning

Angelshaug meiner dommen er tydleg på at det ikkje er ført bevis for at kjøkkensjefen hadde noko med brannen å gjere.

– Det er klart at alle som sit fengsla over lang tid har krav på erstatning frå staten. Viss dette blir endeleg utfall, så blir det fremja krav for uberettiga straffeforfølging, seier Angelshaug og legg til at fengselsopphaldet både med isolasjon, brev- og besøksforbod og kontaktforbod, har vore ei påkjenning for alle tre tiltalte.

Vurderer anke

Også den tidlegare styreleiaren for hotellselskapet kunne onsdag spasere ut av fengselet som fri mann.

Aktor la i retten ned påstand om fengsel i seks og eit halvt år for styreleiaren, men retten har frifunne han for brannstifting. Styreleiaren er derimot dømd for medverknad til økonomisk utruskap for nær 800.000 kroner. For dette er han dømd til fengsel i eitt år. Sidan han har vore varetektsfengsla i 341 dagar, blir dommen rekna som ferdig sona.

– Eg har snakka med han og han er sjølvsagt letta over at han kan kome seg eit steg vidare. Han er frifunnen for det vesentlege, nemleg brannstiftinga, seier advokat Randulf Schumann Hansen som er forsvarar for mannen.

Forsvararen meiner dommen er grundig, og han håpar det difor ikkje blir nokon anke.

Dette spørsmålet var onsdag ikkje avgjort. Dommen var ikkje i samsvar med aktor sitt syn, verken på skuldspørsmål eller straffeutmåling.

– Eg noterer meg at retten har ei anna vurdering enn påtalemakta, seier statsadvokat Magne Nyborg.

– Kva med anke?

– Vi vurderer anke og har frist på 14 dagar til å avgjere dette, seier Nyborg.

Over fem år i fengsel

Usikkert Hotelldirektøren og ein Mr. X køyrde frå Stockholm til Selje for å sette fyr på hotellet. Påtalemakta meiner broren, som var styreleiar i hotellselskapet, er den andre i bilen, men retten finn ikkje bevis for dette. Foto: Politiet

Dei tre brørne var tiltalt for brannstifting eller medverknad til brannen på Selje hotel, for å få utbetalt forsikringspengar.

Den tidlegare direktøren (39) har som kjent tilstått. Han er dømd til fem og eit halvt år fengsel, eit halv år kortare enn aktor sin påstand.

Han er dømd for grov økonomisk utruskap mot Selje hotel, brot på rekneskapslova, særleg grovt skadeverk og grovt forsikringsbedrageri.

Retten finn det bevist at det var to i bilen som køyrde til Selje i samband med brannstiftinga. Det er på det reine at hotelldirektøren hadde ein medhjelpar. Han har tilstått at han er den eine i bilen, men påstår at den andre er ein kompis han ikkje vil angi. Dei var utkledd med parykkar og lausskjegg for ikkje å bli gjenkjend på turen.

Retten meiner det er fleire spor som trekkjer i retning av at styreleiaren kan ha vore medhjelparen, men dommarane er ikkje overtydd om at det var styreleiaren som medverka, verken fysisk eller psykisk til brannen. Han blir difor frifunnen.