Dette seier styreleiar Bjarne Rekkedal i Ørsta skisenter as. Etter ein ny vinter med maksimalt strekt skisesong – og likevel raude tal, hevdar han tida er overmogen til å tenkje nytt.

– Ja, vi må ta grepa no, eller så kan det straks vere for seint. Vi må satse utradisjonelt i skisentersamanheng, med mål om å kome nærast mogleg heilårsdrift, seier han.

Utvitydige klimasignal

– For det første, vi har innhenta konkret klimainformasjon som ikkje er til å ta feil av.

– For å forsvare driftsutgiftene og halde oss med langsiktige og gode sponsorar, må vi inn med nye aktivitetar. Vi må i større grad få inn både barnehagar og skular også på heilårsbasis, skisserer Rekkedal. Han har vore styreleiar i halvtanna år og likar raude tal og grøne vêrprognosar dårleg i samanhengen.

Innbyd til breitt samarbeid

Onsdag kveld inviterte styret ved skisenteret fleire aktørar og samarbeidspartar til eit drøftingsmøte, på skisenteret. Bjarne Rekkedal vonar på brei støtte for planane og tankane han vil legge fram.

– Vi er eit skisenter med sunn økonomi til no, med lån på berre knappe tre millionar kroner etter dei mange investeringane og oppgraderingane som har vore gjort siste åra.

– Her er fire ulike skitrekk, heilt til langt opp i høgda, og vi har eit stort nett av langrenns- og turløyper. Men dette er ikkje nok, same kor mykje god kunstsnø vi måtte kunne produsere, understrekar han

Tankemylder om drifta

– No har vi vedteke å bygge vegtrase heilt ned på Åmskaret, der det hittil har vore ei mykje nytta skiturløype. Den vil vi utvikle spesielt som eit alternativ med barnevogn, rullestol og liknande utanom snøsesongen.

– Åmskaret blir dermed endå meir tilgjengeleg for alle, med sitt utruleg flotte utsyn heimover dalane og mot Ørsta sentrum.

– Vidare vil vi ha sykkelsporten med på laget, og utvikle sykkelløyper i fleire kategoriar og vanskegrader. I det heile er her eit mylder av tankar, der eg håper at nokre kan materialisere seg snart.

– Med kommunen som ein framleis avgjerande støttespelar, kan vi vel like godt tilsetje ein dagleg leiar her, som ved til dømes idrettshallar. Eg har svært god tru på heilårsdrift og overleving, seier Rekkedal.

Dette bildet er frå 1. januar 2008, då dåverande styreleiar Svein Silseth stolt presenterte snøkanon i produksjon. Ørsta skisenter har prima vasstilgang og vil etter alt å døme satse endå sterkare på kunstsnø. Arkivbilde. Foto: Knut Arne Aarset
På under fire hundre meters høgde over havet kan det vere svært usikre snøforhold for framtida, innser Bjarne Rekkedal. Skisenteret har i dag basis på innsatsen til minst 100 frivillige. Foto: Knut Arne Aarset