Det melder NRK Sogn og Fjordane torsdag ettermiddag.

Store nedbørsmengder 24. juli i sommar førte til store skader i dei to Nordfjord-bygdene. Fylket og kommunar bad om 67 millionar kroner etter flaumen, regjeringa dekker altså 35 millionar.

Fylkesordførar Jenny Følling er glad for pengane, men seier til NRK at dei berre hjelp eit stykke på veg:

– Dette vil hjelpe, men det er klart at når vi får så store skader så er ein eigendel på 28 millionar kroner mykje pengar, seier ho.