Politiet etterlyser ein mørk Audi A4 som stakk av frå ein politipatrulje i Furene i Volda natt til torsdag. Bilen skal ifølgje politiet ha falske skilt.

Politiet har også merka seg at bilen har bulk på høgre side, bak. Venstre spegel skal vere knust.

Sikta for vald og narkotika

Om nokon har opplysningar om biler blir dei bedne om å ringe politiet eller ta kontakt med lokalt lensmannskontor.

I Ålesund sentrum fekk politiet melding om ein mann som skal ha slått og sparka ein annan. Politiet fekk kontroll på begge mennene.

Gjerningsmannen er pågripen for vald og narkotika, medan offer er følgd opp av helse.

Mannen skal ha fått skade på hovudet og kroppen, men skadene skal ikkje vere alvorlege.

Fann stolen sykkel

Politiloggen fortel også at det seint onsdag kveld under ransaking blei beslaglagt ein kvit jentesykkel. Tjuven har vedgått at han stal sykkelen onsdag, og politiet ber den som saknar sykkelen ta kontakt.