– Viss sambandet skal ha nullutsleppferje og rutetilbod minst som i dag, krev dette to ferjer. Om eit slikt krav ikkje blir innfridd, vil dette bli oppfatta som ei bevisst og målretta nedbygging av sambandet, skriv ordførar Jørgen Amdam i brevet til samferdselsdepartementet ved statsråden.

Lenger tid ved kai

Bakgrunnen for brevet er det nye ferjeanbodet som nyleg blei lyst ut, der Vegvesenet legg opp til batteriferje og 40-minuttsavgangar på sambandet Volda - Folkestad.

Amdam er kjend med at ferje med nullutslepp vil trenge noko lenger tid ved kai for å ladde batteriet, og dermed er det lagt opp til 40-minuttsfrekvens.

Sambandet har i dag 30-minuttsavgangar, og det har vekt sterke reaksjonar at det snart kan bli færre avgangar.

Garanti for beredskap

Stigedalsvegen og ferjesambandet Volda - Folkestad fekk vegnamnet riksveg 651/alternetiv E39 ei tid etter at Kvivsvegen opna. Volda kommune minner no om at sambandet er eit riksvegsamband.

Sambanda nord og sør for Volda, Festøya-Solevågen og Anda-Lote, får begge 20-minuttsavgangar. Og Volda-ordføraren stiller spørsmål ved om det nye ferjeanbodet for Volda - Folkestad er i tråd med det som tidlegare er slått fast om at sambandet skal ha fullverdige riksvegruter.

Ber om avklaring

Ordføraren ber statsråden avklare kva som gjeld, og han vil ha stadfesta at Volda - Folkestad kan ha ei fullverdig riksvegrute.

Dessutan vil han ha garanti for at ei fullelektrisk ferje er godt nok for beredskap for sjukehus, brann og politi.