I ettermiddag var Jonny Roaldsand på ein fisketur ute i havet utanfor Vigra. På veg inn att, vest av Flatskjeret, vart han vâr ein dupp som dukka opp av sjøen og forsvann igjen.

– På 50 meters djup er det ingen som set teiner, så eg rekna med at det var ei teine som hadde kome utfor kanten og drifta av garde, fortel Roaldsand. Han ville drage teina inn på grunna igjen.

Opp kom ei enkel treteine, eller fjordteine som han kallar det.

– Den var fint forseggjort og enkelt bygd. Ingen her ute på øyane brukar slike teiner, då blir dei fort pinneved, seier Roaldsand. Teina var også merka med eit namn i Ørskog.

Paff

– Eg vart litt paff med det same han ringde, seier Per Otto Sjøholt, som bur på Sjøholt. Eigaren har ingen mistanke om at teina er stolen.

– Eg er sikker på at det var det dårlege vêret for ei veke sidan som tok den. Eg hadde sett seks teinar og fann berre fem, fortel han. Sjøholt meiner det er første gong han har mista teiner på grunn av dårleg vêr.

Avstanden frå neset der teina vart sett og til Flatskjeret er 37 nautiske mil, seier Roaldsand. Det gir ein god fart på 10 kilometer i døgnet.

– Det er heilt utruleg at den har reist så langt på ei veke, meiner Roaldsand.

– Det er bra med straum i Storfjorden, men det er seks timar med floande sjø også, seier Sjøholt.

Kan dukke opp langt unna

Roaldsand fortel at det av og til er eit tema blant fiskarar, kor det er blitt av teiner som er forsvunne.

– Av og til forsvinn teiner, og nokre gonger er det jo mistanke om at dei er stolne. Men særleg ute i havet kan straumen drage duppen under, og det er utruleg kor lenge det kan gå før dei kjem opp att, og gjerne heilt andre stader.

Teina til Per Otto Sjøholt var nok på veg vestover og nordover, trur han.

– Det var ein gong ei blåse frå Vigra som omsider vart funnen att i Lofoten, fortel Roaldsand.