Attende i sjømatnæringa

Etter fem år som leiar i kommunal verksemd kjem Rolf Inge Longva attende til sjømatnæringa.

Tilbake i sjømat Rolf Inge Longva 

Nyheter

Denne gongen er det Blue Ocean Technology som får dra nytte av kompetansen til den tidlegare gründaren frå Sunnmøre, ifølgje ei pressemelding. 

Longva kjem frå Brattvåg og har i hovudsak jobba innanfor sal, marknadsføring og bedriftsleiing heile sitt yrkesaktive liv.  No har han sagt opp ein trygg leiarjobb i eit kommunalt føretak for å komme attende til det han oppleve som ein utfordrande, men utruleg spanande næring.

– Eg vart påkalla og då måtte eg jo berre takke ja. Kombinasjonen av å jobbe med eit nytt produkt samstundes med at eg får jobbe ut mot ei næring som eg kjenner godt, vart for freistande, fortel Longva.

Longva  tok til som utstyrsleverandør for havbruksnæringa i 1985 og starta eige selskap i 1990. I 2007 blei det kjøpt opp av Ocea som i dag heiter Steinsvik. Longa jobba her fram til 2012 då han skifta beite for ein periode.

Den gongen han starta i havbruksnæringa vart ausekar enno brukt flittig til fôring. Nokre tiår seinare er det klart at det er snakk om ei moderne næring i rask utvikling. Difor trur han også at næringa kjem til å ta nye krav om oppsamling og reinsing av avfall etter fisk og fôrrestar på strak arm. Han ser fram til å jobbe ut mot kundane med ei fornuftig og spanande teknologi.