NRK Sogn og Fjordane melder at ein bil har blitt stoppa i Jølster, med gjenstander det er grunn til å tru er tjuvgods. Bilen skal ha køyrd på E39 med punktert dekk, og det var dette som fekk bilisten bak til å reagere.

Politiet vart varsla, og då fann ein gjenstander i bilen som gir grunn til mistanke.

- Det viste seg at det var ein bil med ein del gjenstander, og det er grunn til å tru at dette er tjuvgods. Vi veit ikkje kor dette kjem frå, seier operasjonsleiar Kjetil Drange i politiet. I bilen var ein mann i 30-åra og ei kvinne i 40-åra. Begge er busett i Sunnfjord.

I etterkant av dette har politiet i Stryn og Hornindal lagt ut ein post på facebook der dei ber folk sjekke hytter og liknande, og at det er indikasjonar på at bilen har vore både i Stryn og i Hornindal før han blei stoppa.