Tidlegare denne månaden vart det kjent at Per Oddvar Hildre er utnemnt til «Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden». Hildre får prisen for innsatsen sin for kor og kultur i ei årrekkje.

Og: Under ei tilstelling på Ålesund Folkehøgskole (tidlegare Borgund) laurdag, fekk «Prots» tildelt utmerkinga av fylkesmann Lodve Solholm.

- Når vi valte nett folkehøgskulen som arena, skuldast det at Hildre sjølv, før fire år med lærarstudier, gjekk på denne skulen i to år - frå han var 16 og til han var 18. Det var med andre ord her han starta på utdanninga si, fortel Ketil Hjelset, som har vore ansvarleg for arrangementet.

- Det som også er litt artig og som eg veit sette ein ekstra spiss på overrekkinga, er at Hildre og fylkesmann Lodve Solholm gjekk i same klasse på lærarskulen, legg han til.

Til stades under tildelinga var 150 inviterte gjestar.

- Alle folk frå nettverket til «Prots»: Folk frå Skruk, frå Sunnivakoret, Hardangerkoret og Kulturmix koret - dei tre sistnemnde alle prosjektkor. Vidare Volda-ordførar Jørgen Amdam, Erik Hillestad frå Kirkelig Kulturverksted - der Hildre har gitt ut nesten alle albuma sine, og domprost Olav Gading på vegne av biskopen, fortel Hjelset. Arrangementet varte i rundt to timar, og etter dette var ei litt mindre gruppe - 95 ifølgje Hjelset, samla til middag på Scandic Parken i Ålesund.

Og ved hjelp av den godaste Hjelset nådde vi etter kvart også tak i Per Oddvar Hildre sjølv. Som hadde følgjande å si om det å ha fått utmerking.

- Det er veldig stort for meg, dette. Kjempestort. Samtidig må eg få seie at dette er ein pris mange andre enn meg fortener ein bit av. Korhjelparar som har skubba meg fram. Folk som har vore rause og latt meg sleppe til. Som nokre gonger også har dratt meg litt nedpå att. Dei har vore med å forme meg. Takk til alle!

150 inviterte gjestar - alle del av det store nettverket til Hildre, tok del under overrekkinga. Foto: Marius Simensen
Ketil Hjelset var ansvarleg for arrangementet på Ålesund Folkehøgkole laurdag. Det var også han som søkte om utmerkinga Hildre noe har fått. Foto: Marius Simensen
Ein litt artig detalj: Per Oddvar Hildre og fylkesmann Lodve Solholm var gjekk i si tid i same klasse på lærarstudiet. Foto: Marius Simensen