Oppdatering: Den eine av dei tre som var i bilen, ei kvinne, er frakta til sjukehus for kontroll etter ulykka, opplyser politiet.

- Ho skal ha fortalt at ho hadde lette smerter, seier operasjonsleiar John Bratland til smp.no litt før klokka 18.30.

Naudetatane rykka ved 16-tida laurdag ut, etter melding om ei utforkøyring i området Ørnevegen, på fylkesveg 63 i Geiranger.

- Ein bil med tre personar skal vere involvert, heitte det i den første meldinga frå politiet.

- Ulykkka har skjedd i Møllssvingen, og ambulanse er no på staden, seier operasjonsleiar John Bratland hos politiet til smp.no klokka 16.15.

- Dei tre personane i bilen skal vere to vaksne og eit barn. Utan at vi veit eksakt kven, skal to av dei tre ha kome seg ut av bilen. Ambulansehelikopter var på veg, men snudde fordi det ikkje var behov for det. Dette kan tyde på at situasjonen ikkje er så alvorleg, seier Bratland.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 15.57.