Klokka 23.30 er det talt opp 13,5 millionar kroner frå Møre og Romsdal. Det er 50 kroner per innbyggjar.

Sogn og Fjordane ligg som nummer to med 42 kroner per innbyggjar, og Finnmark følgjer etter med 40 kroner.

Beste kommune på Nordvestlandet vil garantert vere Sula. Like før klokka 23.30 viser oppteljinga 100,72 kroner per innbyggjar, med Sula på 19. plass i landet. Her kan du sjå fleire resultat frå Sula.

Årets innsamling går til Unicef sitt arbeid for å gje utdanning til barn ramma av krig og konflikt.

Det endelege resultatet er ikkje klart før om eit par dagar. Sjå oppdaterte resultat her (ekstern side). Klokka 23.30 er det talt opp nærare 220 millionar kroner.