Kommunepolitikar og tidlegare ordførar Arild Iversen (KrF) i Volda stiller seg spørjande til grunnskuleplanar for Nye Volda kommune, der Volda og Hornindal går i hop.

I dag er Hornindal klar å byggje eit nybygg til 25 millionar kroner, medan nesten nye Austefjord skule står i fare for å verte lagt ned.

Iversen etterlyser dialog mellom dei komande kommunepartnarane, og viser til at det ikkje finst spor etter denne saka hos samarbeidsnemnda for kommunane.

Han utfordrar no nemnda til å ta tak. Samstundes stiller han ordføraren dette spørsmålet:

– Meiner ordføraren det er økonomisk berekraftig for Nye Volda å legge ned ein nesten ny skule i Austefjorden, og sende elevane til planlagd ny skule i Hornindal, utan at kapasiteten i krinsen vert nytta så godt som råd? Vil Arild Iversen vite.