Island Offshore-båtar i opplag på Borgstein.FOTO: ARKIV.

Island Offshore-båtar i opplag på Borgstein.FOTO: ARKIV.

127 båtar i opplag i offshorenæringa

Det er framleis mykje tonnasje som ligg i opplag i norske og utanlandske hamner.

(Vikebladet) Det er Sysla.no som kontinuerleg følgjer med på opplagssituasjonen i sitt opplagsregister. Det viser at det i skrivande stund er 127 båtar frå den norske offshorenæringa som ligg i opplag kring om i verda.

Av desse er det eitt brønnintervensjonsskip, 61 plattformforsyningsskip, 14 seismikkskip, 37 ankerhandteringsskip, tre subseaskip, seks beredskapsskip og fem såkalla fleirbruksskip.

Blant desse finn ein Ulsteinvik-baserte Island Offshore sine plattformforsyningsskip Island Dawn, Island Dragon, Island Duchess og Island Duke som ligg i opplagg i høvesvis Hjørungavåg og Ulsteinvik (Dragon, Duchess og Duke).

Også mange andre reiarlag i regionen er med på lista, til dømes Olympic Shipping, som seinast for få dagar sidan tok Olympic Pegasus ut i opplag.

Denne saka blei først publisert av Vikebladet

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå: