Søndag morgon melde Vegtrafikksentralen på ny om trøbbel for ferjesambandet Anda-lote. Sambandet var stengd, noko som betydde ein ny dag med omkøyring og trøbbel for trafikken.

SISTE: No køyrer ferja igjen, melder NRK 15.55.

– Vi har ikkje fått klagar frå Utvikfjellet, så det verkar som om omkøyringa der går greitt, men der er jo ganske kaldt. Så det kan skape problem for dei som køyrer med sommardekk. Det er det ein del som spør om, seier trafikkoperatør Roger Dalsaune ved Vegtrafikksentralen søndag ettermiddag.

– Eg vil absolutt ikkje anbefale å køyre med sommardekk der, seier han.

Webkameraet til vegvesenet viser at der er mykje snø, men bar asfalt. Men temperaturen er på minussida:

– Temperaturen er sånn at det lett kan fryse til, slik at ein får is på vegen.

På verkstad

Det har vore mykje trøbbel for sambandet Anda-Lote den siste tida, etter at den faste ferja MF «Årdal» hamna på verkstad. Dermed blei først bilferja «Sognefjord» sett inn som reserve. Denne ferja har mindre kapasitet, noko som har ført til mykje kø.

Laurdag måtte bilferja «Sognefjord» gi tapt på grunn av dårleg vêr, då valde Fjord1 å sette inn bilferja «Selje» i staden. Men søndag måtte altså «Selje» også gi tapt grunna mykje sterk vind og straum.

Ferja låg til kai på Lote, og ein gjorde i 12-tida eit forsøk utan bilar på å ta ferja over og sjå om ein klarte å legge til kai ved Lote. Men dette gjekk ikkje, og sambandet blir vidare stengd utover dagen, melde Fjord1 12.22.

Bart på asfalten, men minusgrader kan gjere at fukt frys til is på Utvikfjellet. Foto: Statens vegvesen