Søndag ettermiddag kan politiet på Sunnmøre melde om fleire utforkøyringar med sommardekk.

– Vi har hatt utforkøyringar både på Leikong og på Ørskogfjellet, der bilane har vore skodd med sommardekk. Det er ikkje å anbefale i dag om ein skal opp i høgda, påpeiker operasjonsleiar John Kåre Flo til smp.no.

Desse sjåførane fekk førarkortet beslaglagt og kan vente seg eit oppgjer i rettsapparatet.

I tillegg kolliderte to andre bilar på europavegen over Ørskogfjellet, noko som skapte trafikale problemer på staden.

Utfor i Stordal

Tidligere søndag melde politiet om eit trafikkuhell i Stordal ved 13.10-tida. Naudetatane rykka ut til staden, men ingen personer skal ha vorte skadd.

Ifølgje ein tipsar som køyrde forbi er det to bilar som har køyrd utfor. Tipsaren fortel at det er nysnø på vegen.

Vegtrafikksentralen melder om ei trafikkulykke mellom Liabygda og Løset, på strekninga Linge-Sjøholt. – Situasjonen er førebels uklar, skriv Vegtrafikksentralen på Twitter.

Sjekk vegmeldingar for Møre og Romsdal her (ekstern lenke)

Sjekk vegmeldingar for Sogn og Fjordane her (ekstern lenke)

Roger Dalsaune, trafikkoperatør i Statens vegvesen, fortalde til smp.no ved 14-30-tida at den eine biler var i ferd med å bli fjerna, medan den andre står utfor vegbana.

(saka held fram under)

– Veldig glatt

– Dette er eit eksempel på eit lite parti som blir veldig glatt. Det er vanskeleg å få strødd heile tida når det kjem så tett i periodar. Då blir det berre dekt til igjen. Det er mykje fuktigheit, slaps og snø, seier operatøren.

– Slik er det om vintaren, vi kan ikkje være overalt heile tida. Det bygger seg opp litt innimellom før vi rekk over.

Han vil absolutt råde folk til å køyre forsiktig om dei skal opp i fjellet.

– Og eg vil på ingen måte anbefale å køyre med sommardekk i fjellet, seier han.