Det føreslår Frp, KrF, Venstre og Høgre i ein interpellasjon til kommunestyret i Stranda.
I november i fjor signert ordførarane ein intensjonsavtale mellom dei to kommunane.
Stemt ned
Etterpå vart eit forslag om å slå saman dei to kommunane stemt ned i begge kommunestyra.
No vil dei fire partia i Stranda at kommunesamanslåing igjen må kome på dagsorden.
Stemninga endra
Dei oppfattar nemleg stemninga i begge kommunane som vesentleg endra, med bakgrunn i at det no er blitt klart kor store dei negative økonomiske konsekvensane er ved å stå åleine.
Dei fire partia i Stranda vil også at det blir nedsett eit forhandlingsutval der alle partia er representerte.
Sak i desember
Dei ber dessutan om at det vert lagt fram ei sak for kommunestyret i desember.
Interpellasjonen er underskriven av Frank Sve, Frp, Svein Lunde, KrF, Amalie Birkhol, Venstre og Svein Erik Rimstad, Høgre.