Dette kom fram i formannskapet i Volda måndag, ifølgje avisa Møre. Husleigeprisen som Statsbygg har presentert, gjer at både ordføraren og fleire politikarar er innstilt på at ein skrinlegg samarbeidsplanane.

– Dette er synd, men no vil vi i løpet av november sjå på ein strategi for kva vi skal gjere. Sannsynlegvis blir det ei vidareutbygging av samfunnshuset, seier ordførar Jørgen Amdam til Sunnmørsposten.

Blir dyrare

Kommunen har jobba lenge med å få til eit kulturhus, men har hittil ikkje kome i mål.

I fjor haust gjekk kommunestyret samrøystes inn for å jobbe vidare med eit spleiselag med høgskulen. Og politikarane håpte å få realisert ein kultursal i samband med eit nybygg for medie- og kulturfag.

Nær det doble

I eit brev til Høgskulen i Volda går det fram at kalkylane for bygget no er komne opp i mellom 255 og 431 millionar kroner. Husleiga for kommunen blir truleg mellom 8 millionar og 12 millionar kroner i året. Og Statsbygg rår til at kommunale funksjonar, altså kino og kultursal, ikkje inngår i prosjektet.

– Prisen på husleiga blir nærare det doble og langt høgare enn det kommunen har råd til, seier Amdam og legg til at det i tillegg til leigekostnadene også blir høge kostnader til utstyr.

Det han sjølv no har som første prioritet er ei utbygging av det gamle samfunnshuset, slik at ein får to kinosalar og kan tilby kvalitetskino. Ordføraren reknar med kommunestyret får saka opp 30. november.

– Så siste ord er ikkje sagt om kulturhus i Volda no heller?

– Nei, det blir stadig nye ord, smiler Amdam som understrekar at det er vanskeleg å få til eit kulturhus utan sambruk:

– Vi har fleire kulturbygg i Volda, men ikkje noko samla kulturhus. Og vi ser at det er vanskeleg å drive slike hus utan sambruk. Sjølv i Herøy går kulturdelen med underskot.

Høgskulen bygger likevel

Sjølv om kulturdelen til kommunen blir teken ut, vil Høgskulen i Volda likevel realisere eit nytt mediebygg.

– Vi synest det er leit dersom det ikkje blir noko av kommunen sin del, men har forståing for kommunens syn på saka, seier høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen ifølgje nettsida til høgskulen.