Frå før er det kjend at Sævik-familien vurderer å legge inn anbod på kystruta mellom Bergen og Kirkenes. Frå 2021 kan dei elleve rutene mellom Bergen og Kirkenes bli delt mellom tre reiarlag. Også Norled og Torghatten har blitt rekna som moglege utfordrarar. Ifølgje Skipsrevyen har mellom fem og ti reiarlag vist interesse.

No er det altså klart at Color Line vurderer å legge inn anbod. Etter det Skipsrevyen erfarer, har det vore eit møte mellom Color Line og Samferdselsdepartementet i saka. Anbodsfristen er 3. januar.

Hurtigruta er eit 100 år gammalt namn på kystruta. Inntil for få år sidan samarbeidde fleire reiarlag om det som i alle år har blitt omtalt som hurtigruta.

Selskapet Hurtigruten AS, som no eig og driv alle skipa i kystruta, svarer på konkurransen med at dei vurderer å droppe statens anbod og segle langs kysten utan avtale med staten.