Oppdatering: – Tok fyr i forsøket på å dra bil laus

To bilar var involvert i det som først blei varsla som eit trafikkulykke på fylkesveg 657 på Fiskarstrand i Sula.

Ulykka blei meldt til politiet litt over klokka halv fire natt til torsdag. Den eine bilen stod i brann.

– Ikkje reelt trafikkuhell

Dette er den utbrende bilen. Foto: Karl Petter Løvoll

Politiet kan i morgontimane torsdag ikkje seie kva som er årsak til hendinga, men meiner dei to bilane ikkje har vore i kontakt.

– Dette framstår ikkje som noko reelt trafikkuhell, men meir som eit tilrettelagt uhell, seier operasjonsleiar John Kåre Flo.

Ingen personskade

Brannvesenet fekk raskt sløkt bilbrannen, og politiet fekk melding om at det ikkje var personar i nokon av dei to bilane.

Ein time seinare melde politiet at dei hadde kontroll på fire personar i samband med trafikkuhellet og at ingen av dei var skadde.

Fann narkotika

Kort tid etter melde politiet at fire personar er pågripne i samband med trafikkuhellet.

– Dei blir framstilt for utvida prøve og sett i varetekt, seier Flo og legg til at det også er gjort beslag av narkotika i samband med pågripinga.

Dei sikta er ungdommar frå Sunnmøre som skal vere kjende for politiet frå før.

Jourhavande politiadvokat Yngve Skovly stadfester at dei etterforskar saka.

– Avhøyret av dei pågripne vil pågå utover kvelden, seier Skovly til Sunnmørsposten.

Oppdatering: – Tok fyr i forsøket på å dra bil laus