Årets sesong av Stikk Ut har 8.270 deltakarar, ein auke på 1.594 deltakarar. Desse deltakarane har registrert 178.860 turar, ein auke på over 30.000 turar frå 2016-sesongen.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Sunnmøre friluftsråd.

54 personar har gått alle 136 turane som utgjer årets sesong, og det er tredje året Stikk Ut vert arrangert.

Dagleg leiar May Britt Haukås trekk fram det gode samarbeidet mellom friluftsråda i fylket, tilsette i kvar medlemskommune, og alle dei frivillige som tek ansvar for skilting og merking o.l.