– Boka om Amanda Cecilia Olsen gir unike skildringar av kvardagsliv i nordvest, og viser verdien av journalistikk i eit historisk perspektiv, seier ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg.

Det var Aud Farstad som oppdaga reportasjane til Amanda Cecilia Olsen (Aco) då ho bladde seg gjennom gamle utgåver av Sunnmørsposten i samband med eit anna bokprosjekt.

– Amanda dokumenterte kvardagsliv på Sunnmøre på ein unik måte gjennom sitt lange virke som journalist.

Gir ut bok

Farstad meinte at desse historiske perlene måtte få eit større publikum, og slik vart tanken om ei bok fødd.

Amanda kom til Ålesund som 30-åring, og var ein av dei første kvinnelege journalistane i landet. Sjølv om ho offisielt vart pensjonist i 1957, heldt ho fram som frilansar til det året ho døydde – i 1967. Då var ho 80 år gamal.

– Amanda var ein oppsøkande journalist. Ho skildra livet til «vanlege» menneske, og fekk fram innsatsen til dei som elles aldri ville fått nokon omtale. Mange av intervjuobjekta hennar var kvinner, og Amanda skreiv kvinnehistorie lenge før ordet var oppfunne, seier Hanna Relling Berg.

Ifølgje forfattaren fann ho fleire kulturhistoriske skattar som blir presentert i boka.

– Amanda fekk eit internasjonalt skup då ho møtte sjølvaste Roald Amundsen midt på Valderhaugfjorden etter ein ekspedisjon. Ho skreiv og nære historier om overlevande frå Tafjord-ulukka, ålesundarar som ferierte i Skodje, mjølkeseljande søstrer frå Hessa og andre reportasjereiser på Sunnmøre.

– Ho gjekk til fots, sykla, tok rutebåt eller buss. For å spare bagasje hadde ho på seg opp til fem lag med kjolar.

Ba kongen om hjelp

Mest gripande er kanskje historia om Marie Tagseth som var 83 år då ho fortalde si historie til Amanda i 1941.

– Då Marie mista mannen på sjøen, sat ho att åleine, med fire farlause barn. Med berre fire øre i aktiva rodde ho kvar morgon klokka 04 frå Langøya i Ellingsøyfjorden til Ålesund for å vaske hus og klede for familiar i Ålesund. Om natta rodde ho heim. Då ho var i ferd med å miste både gard og grunn, gjekk ho til kongen for å be om hjelp.

Dette er berre ei av dei mange historiene i boka som viser at «vanlege» menneske har levd både dramatiske og eventyrlege liv.

Sjølv nytta Amanda høve til å få audiens hjå sjølvaste Paven då ho var i Roma i 1924.

– Ved hjelp frå ein svensk kunstnar møtte ho pave Pius XI. «Det var en kort, men svært interessant stund» skrev Amanda i reisebrevet.

Den same paven tok forresten nokre år seinare avstand frå at kvinner skulle ha rett til utdanning, av di noko slikt var «mot naturen».

Sentral rolle

Boka «Amanda – journalist og pioner» er designa av Linda Nygard-Sture og gitt ut av Sunnmørsposten Forlag.

Her finn du og mange artige annonsar og illustrasjonar.

– Boka blir gitt ut i samband med at Sunnmørsposten fyller 135 år no i november, og minner om at avisa har spelt ei sentral rolle i utviklinga av landsdelen, seier redaktør Hanna Relling Berg.

Amanda Cecilia Olsen var truleg den mest produktive journalisten i Sunnmørspostens historie. Her er eit bilete av Amanda funne i Ørskog Historielag si fotosamling. Foto: Johannes Sponland/Ørskog historielag
Forfattar Aud Farstad har skrive bok om journalisten Amanda Cecilia OIsen (Aco) som arbeidde i Sunnmørsposten i 50 år. Foto: Stig Vågnes
«Ternen» på en av sine siste søndagsturar i Skodjefjorden. På denne tida blei Skodje «invadert» av ferierande ålesundere. Foto: Aco/Skodje sogelag