I mange år har villfiskarar og oppdrettsnæringa vore ueinig: Kva er hovudkjelda til lakselusa – er det sjøauren og villaksen, eller er det oppdrettsanlegga.

Etter alt å døme er svaret no slått fast: Lakselusa kjem frå oppdrettsanlegg.

Resultatet er publisert av ei gruppe forskarar frå NTNU i Ålesund, i samarbeid med Sea Lice Research Centre i Bergen, Havforskingsinstituttet og Norsk institutt for naturforsking.

Rapporten er offentleggjort i Nature-tidsskriftet Scientific Reports.

Genmutasjon

Forskarane har sett på ein genmutasjon som gjer lakselus resistent mot ein type avlusingskjemikaliar. Denne mutasjonen er tidlegare funnen i stort omfang i lakselus i oppdrettsanlegg.

For første gong er den same mutasjonen no undersøkt og påvist i lakselus frå villaks og sjøaure.

Avgjerande hjelp har forskarane fått frå Patogen AS i Ålesund, som har patent på denne genmarkøren, kalla Phe362Tyr.

Det viser seg at mutasjonen er like vanleg i lus på sjøaure som i lus i oppdrettsanlegg. Men i motsetnad til lus på oppdrettslaks blir ikkje lus på sjøauren utsett for avlusing. Dermed har det heller ikkje vore ein seleksjon for denne mutasjonen ute i naturen.

Når ein likevel finn så mykje resistens i lusa frå sjøauren, tyder det på at svært mykje av lusa stammar frå oppdrett.

– Den resistente lakselusa på sjøauren må kome frå oppdrettsanlegg – ikkje nødvendigvis den enkelte lakselus, men kanskje «bestemora» eller «oldemora». Dette er ei utvikling som har pågått i 30 år, seier Helene Børretzen Fjørtoft ved NTNU i Ålesund.

Så godt som sikkert

– Er dette no slått fast med to strek under svaret?

– Det er alltid ei viss usikkerheit, men vi ser same tendens i ein annan markør av resistens mot eit anna lakselusmiddel.

Artikkelen er skriven av ei gruppe på ni forskarar, der Fjørtoft er førsteforfattar.

– Kva kommentar har du fått på dette frå forskar-kollegaer?

– Dei seier at det er veldig spanande at det no blir slått fast kor lusa kjem frå, seier ho.

Slutt på kjemikaliar?

På Nordvestlandet skal det vere lenge sidan sist det vart brukt kjemikaliar til avlusing.

– Dei siste to åra er det i Møre og Romsdal ikkje brukt kjemikaliar, så langt eg kan sjå.

– Kan forskinga di føre til at det kan bli slutt på å bruke avlusingskjemikaliar?

– Hittil har det vore vanleg at når lusa har blitt resistent mot eitt middel, har ein gått vidare til eit nytt. I Norge er det fem typar avlusingstypar som er tillatne. Tidlegare har ein tenkt at lusa etter ei viss tid mister resistensen, slik at ein kan gå tilbake til gamle middel og starte på igjen. Denne forskinga stadfester at dette neppe er mogleg, seier Fjørtoft.

Ketil Rykhus i Sjømat Norge seier at dei ikkje har sett seg inn i rapporten og derfor ikkje ønskjer å kommenter dette no.

He­le­ne Bør­ret­zen Fjør­toft har tatt dok­tor­grad på lak­se­lus. Foto: NTNU Ålesund