(Fjordingen:) Rettssaka mot mennene skulle etter planen gå denne veka. Men saka vart utsett då tiltalen vart utvida og mennene no også er tiltalte for å vere del av ein organisert kriminell gruppe. Forsvararane bad om meir tid for å setje seg inn i nye dokument som følgje av utvida tiltale. No er saka beramma til 26. februar, og det er sett av fem dagar til saka.

Les også: Tiltalt for organisert kriminalitet

Dei tre mennene vart pågripne 23. februar i år på veg mot Lom, etter å ha brote seg inn og fått ut til saman 7.000 kroner frå minibanken tilhøyrande Sparebanken Vest i Stryn. Metoden som vart nytta, var å bore hol i frontpanelet på minibanken for å få tilgang til banken sin elektronikk, og så koble til PC for å manipulere minibanken til å betale ut pengar.

Då mennene vart pågripne i ein leigebil, fann politiet både PC, lakk og anna utstyr dei knyter til innbrotet. PC’en i bilen hadde i følgje politiet oppe søk på minibankar i Norge. Dette gjorde at politiet sette i gang ei større etterforsking som no også har ført til utvida tiltale.

Denne saka sto først på trykk i Fjordingen.