(Foto: Smp-tipser)

Foto: Smp-tipser

Herøy og Ålesund:

Trafikkuhell og kø i ettermiddagsrushet

Brannvesenet rykker ut etter eit mindre trafikkuhell på Herøybrua og i Spjelkavik har ein bli mista eit hjul.

Det melder Møre og Romsdal 110-sentral på Twitter. Meldinga kom klokka 14.53. Ifølgje operasjonsleiar Tor-Andre Gram Franck ved Sunnmøre politidistrikt er det ein bil som har tatt borti rekkverket på brua.

Samstundes er det meldt om lange køar ved Blindheimstunnelen i Ålesund.

- Her er det ein bil som har mista eit hjul, seier Gram Franck.


Dårleg vêr stoppa hurtigbåt

Hurtigbåten på ruta Ålesund-Valderøya-Nordøyane var innstilt torsdag morgon på grunn av dårleg vêr, men klokka 09.00 tek M/S Kalvøy opp ruta frå Harøya.

Det er NRK Møre og Romsdal som melder om kø på staden.

Operasjonsleiaren karakteriserer begge hendingane som nokså udramatiske.

Klokka 15.21 melder politiet om ei hending i ei rundkøyring i Breivika.

- Ein bilførar køyrde i motsett køyrefelt og mot trafikken i rundkøyringa, skriv Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter.

Førarkortet er kverrsett, melder politiet vidare.

Klokka 15.42 melder politiet også om ei flytebrygge som har slitt seg ved Vegsundet. Sist observert flytande under Vegsundbroa.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå